Brannvern for tilsette i Askvoll kommune

Velkommen til teorikurs i brann- og eksplosjonsvern for tilsette i Askvoll kommune!

I høve brann- og eksplosjonsvernloven §19 og §25 har både tilsette og arbeidsgjevar ansvar for at opplæring innan brannvern vert gjennomført. Alle som har eit tilsettingforhold i kommunen skal gjennomføre dette kurset, uansett om ein er mellombels eller fast tilsett.

På dei komande sidene vil du få informasjon om ulike typar slokkeutstyr, rømmingsvegar, varslingsrutinar og korleis du skal forhalde deg ved ei eventuell brann. 

Det er viktig at du tek deg tid til å lese igjennom og gjer deg kjent med informasjonen som vert gjeve. Du kan og skrive ut heile kurset i PDF-format, slik at du kan lese igjennom først og ha det liggande og notere  i medan du jobbar med det. Ikonet for utskrift av PDF-fila finn du oppe til venstre på denne sida. 

Etter kvart fagområde må du svare på eit eller fleire kontrollspørsmål for å kunne gå vidare. 

Ved fullført og bestått kurs vil du få tilsendt eit kursbevis til di e-post adresse, og din næraste leiar vil verte informert om at du har gjennomført kurset. 

Start kurset med å fylle inn for- og etternamn samt di e-post-adresse.

Merk at det er ein opsjon for å starte kurset som anonym brukar, men då vert du ikkje registrert. Det betyr at du ikkje får godkjent kurset som gjennomført. 

Målsetting

Etter kurset skal deltakerne ha auka kunnskap om brannfeller og skadeførebyggande tiltak slik at risikoen for at
verksemda vert råka av brann vert mindre.

Vidare skal deltakarane kunne:
– Opptre rasjonelt i brannsituasjonar
– Slokke ein brann i startfasen
– Gjennomføre sikker rømning av personar

 

Kjelder:

 

Copyright 2016 - Tova Kjæmpenes

Det er forbode å kopiere og/eller vidaredistribuere dette innhaldet utan samtykke frå eigar.

Innleiande spørsmål

Har du delteke på ei praktisk brannøving i Askvoll kommune dei siste 12 månadane?

  • Ja
  • Nei

Har du delteke på førstehjelpskurs dei siste 12 månadane?

  • Ja
  • Nei

Har du teke ein teoretisk brannverntest dei siste 12 månadane?

  • Ja
  • Nei

Korleis er ditt tilsettingsforhold i Askvoll kommune?

  • Eg er fast tilsett i heiltidsstilling
  • Eg er fast tilsett i deltidsstilling
  • Eg er mellombels tilsett som vikar i fast prosent
  • Eg er tilkallingshjelp/timevikar og fører timeliste

Branntrekanten

Materiale

Brennbart materiale, oksygen og temperatur må vere til stades samstundes, og i tilstrekkelege mengder, for at brannen skal oppretthaldast. For å førebygge/hindre brann må vi syte for at dei tre elementa i branntrekanten ikkje er tilstades på ein stad samstundes. 

 

Brennbart stoff (materiale)

Nesten alt materiale kan brenne når temperaturen er høg nok, t. d. treverk, papir, brannfarleg avfall m.v.. Som materiale reknar ein og brennbare gassar og væsker. 

Tenntemperatur (varme)

Med dette meinar ein den lågaste temperatur eit materiale må varmast opp til for at det skal utvikle tilstrekkeleg med gass, som saman med oksygen kan antennast og halde fram med å brenne uavhengig av tennkjelda. Temperaturen er med andre ord avgjerande for om eit materiale brenn, og er ulik frå materiale til materiale. 

Oksygen

Normalt oksygeninnhald i lufta er 21 %. Med rein oksygen i romtemperatur kan olje og fett antennast. Dess meir oksygen vi har i lufta, dess mindre varmemengde (tennetemperatur) trengst for å sette i gang reaksjonen. Meir eller mindre oksygen senker eller hever temperaturgrensa. Vert oksygeninnhaldet senka til under 15 % vil dei fleste brannar slokke. 

Bruk av branntrekanten i praksis

For å hindre, avgrense eller slokke ein brann må eit av dei tre elementa i branntrekanten fjernast. Dette betyr at ein skal:

  1. fjerne alt brennbart materiale og stoff, og helst gå til innkjøp av materiale og stoff som ikkje er lett antennelege
  2. redusere temperaturen ved å kjøle ned materialet (slokkemiddel)
  3. fjerne oksygenet ved å kvele flammen (hindre tilgang til luft der det brenn ved å legge brannteppe over, lukke dører og vindauge m.v.)

Sjølvantenning

Sjølvantenning skjer når stoff utan ytre varmepåverknad vert oppheta slik at det til slutt vert antend. Dette kan til dømes skje når ein let ei fille med reinsemiddel, lynol, white spirit etc. ligge og fordampe. Fordampinga forårsakar temperaturauke og når temperaturen når brennpunktet oppstår eld. Fordampingsprosessen skapar då ein reaksjon. 

Graden av sjølvantenning varierar frå eit stoff til eit anna. Vi kan som tommelfingerregel dele inn slik:

  1. Lettantenneleg - stoff som tek raskt fyr når ein til dømes kveikjer på med fyrstikk, og som fortset å brenne etter antenning (papir, papp, tekstil, tre, olje, bensin m.m.)
  2. Tungt antenneleg - stoff som må tilførast ei større varmemengde enn berre ei fyrstikk for å ta fyr, og som slokker når varmetilførselen opphøyrer (ull, gipsplater, plast m.m.)

Brannklassar, sløkkemiddel og effektivitet på brannsløkkar

Brannklassar

Brannklasseinndelinga definerar kva type brannar sløkkaren eignar seg for, inndelt i klassane A-D. Tidlegare fantes det og ein klasse E, som er utgått. Denne klassen brannsløkkar var eigna for brannar i elektriske anlegg inntil 1000 volt. I dag vert alle apparat merka med ein varseltekst "kan benyttes mot branner i elektriske anlegg". Det er opp til produsenten å oppgje dette. Sjekk difor frontetiketten på din handsløkkar for informasjon om dette. 

Effektivitetsklassar

For dei fleste er eit handsløkkeapparat eit handsløkkeapparat. Dei færraste veit kva effektivitetsklassar er. To 6 kilos pulverapparat kan sjå heilt like ut, men det kan vere stor forskjell på kor effektive dei er i ein brannsituasjon. 

Effektivitetsklassen vert oppgjeve som eit tal framfor brannklassen i klasse A og B, og utan tal framfor C, t. d. 13A, 55B, C. Dette er såkalla ABC-pulver, som er mest vanleg. I brannklasse C vert det ikkje oppgjeve nokon verdi sidan det ikkje vert kravd sløkketest. Brannsløkkaren sin effektivitetsklasse vert avgjort i testar der ein prøver ut kor store bål sløkkaren klarar å sløkke. Dess større bål dess høgare brannklasse oppnår sløkkaren.

I brannklasse A ligg verdiane mellom 5 og 55, og i brannklasse B ligg verdiane mellom 21 og 233. Høgaste verdi gjev den beste effektivitetsklassen.
Effektivitetesklassen står på sløkkaren sin etikett.

På eldre sløkkarar er ikkje denne verdien påført, men kan vere kjenneteikna med I, II eller III. Brannklassen kan og vere synleg som ABE.

Type sløkkemiddel

Det finnast mange ulike typar sløkkemiddel alt etter bransje, type verksemd, storleik på bygg, om det er næringsbygg eller private bustadar. I dette avsnittet går ein igjennom dei tre mest vanlege - brannteppe, brannsløkkeapparat og vasslange.

Brannteppe

Brannteppa er laga av glassfibervev og er motstandsdyktige mot varme. Dei er spesielt godt eigna til å legge over brennande gryter, gjenstandar og liknande eller personar som har brann i kleda. 

Merk at brannteppet har lite kjølande effekt, som kan medføre at det er naudsynt med ettersløkking. Det kan og nyttast til å pakke seg inn i for å beskytte ein sjølv og andre ved evakuering.

 

 

Bruk av brannteppe:

  • ta teppet ut av behaldaren
  • brett ut teppet og kast det over brannen
  • Lat teppet ligge over gjenstanden eller personen til det er kjølig å ta på teppet
  • Sjekk at det ikkje er fare for oppblussing av brannen når du fjernar teppet (medfører ettersløkking) ved å dra det sakte og kontrollert av gjenstand eller person

Brannsløkkeapparat (handhelde)

Dei mest vanlege brannsløkkeapparata kan delast i tre typar: skum, pulver og kolsyre (CO2). Slike apparat sløkker effektivt dei fleste typar branntilløp som kan oppstå. Apparata er merka med kva type brannar dei kan sløkke (sjå merkinga på apparatet).

Det er krav til at skum – og pulversløkkarar som vert selde skal vere testa og godkjent. I tillegg skal dei vere raude.

Trykket i både skum- og pulverapparat er stort. Viss du prøver å sløkke brann i matoljeolje, i til dømes ei frityrgryte, kan trykket skylle den brennande oljen over kanten på gryta og spre brannen i staden for å sløkke den. I dette tilfelle er det best å først prøve å sløkke ved hjelp av brannteppe.

Med skum- og pulverapparat kan du ikkje sløkke like lenge som med ei brannslange. Eit apparat på 6 kilo vert tømt på 10-20 sekund. Brannsløkkingsapparat kan vere tunge å løfte, spesielt for eldre eller personar med nedsett funksjonsevne.

Skumapparat

Eit skumapparat inneheld vatn som er tilsett eit skumkonsentrat. Skummet endrar overflatespenninga på vatnet slik at vatnet lettare kan trenge inn i det brennande materialet. Skummet dannar og ei hinne over det brennbare materialet, som bidreg til å kvele brannen, samt hindre gjenantenning. Skumsløkkarar er særs eigna til sløkking av brannar i bensin, brannfarlege væsker osv. Ved bruk av skumapparat mot brann i elektriske apparat må det utvisast varsemd då vatnet leiar elektrisitet. 

Pulverapparat

Sløkkemiddelet er delt inn i to pulvertypar; ABC og BC pulver. Produkta har ulike eigenskapar og har ulike bestanddelar.

ABC pulver eignar seg for bruk mot dei fleste typar brannar;
          A: Brann i tre, papir, tekstiler og lignende
          B: Bensin, olje, lakk, maling og lignende 
          C: Gasser samt elektriske anlegg inntil 1000 Volt.
ABC pulveret består av Ammoniumfosfat og ammoniumsulfat. Dess høgare andel ammoniumfosfat dess høgare sløkkeeffekt.

BC pulver er eigna for bruk mot brannar i fett, olje, bensin, gass og brannar i elektriske anlegg inntil 1000 Volt. BC pulveret består av Kalsium, Natriumbikarbonat, Kaliumsulfat, Kalium bi karbonat. (Generelt gjer minst mogeleg kalsium betre sløkkeeffekt)

Pulverapparater er effektive, men forureinande i bruk. 
Pulversløkkarar bør ikkje nyttast på følgjande stadar: Datarom, Tavlerom, stadar med kostbart elektronisk utstyr.

 

Forskjell på skum og pulver

Pulverapparat inneheld eit fint pulver som legg seg over flammane og kveler dei. Ein skumsløkkar inneheld vassbasert skum som kveler og kjøler ned brannen. I regelverket er både skum og pulver likestilte som sløkkeutstyr. Pulver kan vere lettare å bruke fordi du ikkje treng å sløkke like presist med pulver som med skum.

Pulversløkkarar toler frost utan å verte øydelagt. Skumsløkkarar må lagrast frostfritt for å behalde sløkkeeigenskapene. 

 

Kolsyreapparat (CO2)

Kolsyre er ein fargelaus, giftfri gass som er tyngre enn luft. Gassen verkar gjennom å kvele brannen. Kolsyra vil fortrenge oksygenet og legge seg som eit "teppe" over brannstaden. Særs godt eigna til sløkking av brann i elektronisk utstyr, datarom, tavlerom og liknande.

 

AF-apparat

Brukar du frityrkokaren ofte? Det finnast eigne brannsløkkeapparat som er utviklet spesielt for å sløkke brannar i frityr og matoljer. Desse apparata er merka med bokstavane AF.

 

Vasslange

Ein brannslange er ein slange som toler svært høgt trykk. I bygningar er den eine enden av slangen kopla til ei vasskjelde. Den andre enden av slangen har ei dyse som kan justerast til å regulere styrken på vasstråla som kjem ut. Vanlege brannslangar/vasslangar i kommunale bygg kan handterast av ein person. 

 
Brannslangane/vasslangane er plassert i eigna skap på ulike stadar i bygget og i ulike etasjar. Gjer deg kjend med kor desse er der du jobbar. 

Klassifisering av kva type brann handsløkkaren eignar seg for.

Klasse A: Brann i faste organiskematerialar, som t.d. tre, papir og tekstilar

   

  

Klasse B: Brann i væsker, til dømes bensin og olje, eller faste materialar som ved oppvarming vert omdanna til væske, t. d. stearin og plast

 

 

Klasse C: Brann i gassar, t. d. propan 

 

      

Klasse D: Brann i metall som magnesium, lettmetallspon og -støv

   

Klasse F: Brann i matoljar/matfett, t. d. i samband med frityrgryter

Merk: Tidlegare var det og ein brannklasse E (utgått), som beteikna brann i elektrisitet. Denne vert no kjenneteikna slik:

Brann- og eksplosjonsvern på arbeidsplassen; kven har ansvar for kva?

Generelt om brannvern

Brannvern handlar om å førebygge brann. Den viktigaste oppgåva er difor å identifisere og fjerne brannkjelder. Dette vil redusere sjansen for brann, men ein kan aldri fjerne risikoen heilt. Difor er det innan brannvern og stort fokus på å avgrense skadane dersom ein brann likevel skulle bryte ut.

I Noreg gjeld kravet om branndokumentasjon for alle brannobjekt.

Per definisjon er eit brannobjekt: «Enhver bygning, konstruksjon, anlegg, opplag, tunnel, virksomhet, område m.m. hvor brann kan oppstå og true liv, helse, miljø eller materielle verdier».

I og med at krava til branndokumentasjon og er knytt til internkontrollføreskrifta vil krava gjelde for alle som driver verksemd. Det betyr følgjeleg og at ein ikkje treng branndokumentasjon for sin eigen bustad. Hugs imidlertid på at det framleis er krav om røykvarslar og sløkkemiddel i alle heimar.

Enkelte brannobjekt har særskilte krav fordi dei er omfatta av brann- og eksplosjonsvernlovens paragraf 13 (såkalla §13-bygg). Dette er objekt der risikoen for tap av menneskeliv og verdiar er ekstra store dersom ein brann skulle bryte ut. Skular, barnehagar, hotell, samfunnshus, kyrkjer, kjøpesenter etc. er dømer på objekt som er omfamna av paragraf 13.

Både arbeidstakar og arbeidsgjevar har retter og plikter på arbeidsplassen - og felles ansvar for desse. Det betyr at både arbeidstakar og arbeidsgjevar pliktar å:

  • sette seg inn i gjeldande branninstruks og å følgje denne
  • ta ansvar for å ikkje forårsake eller bidra til brann eller skader
  • ta ansvar for å melde avvik og å varsle lokal brannvernleiar om uregelmessigheiter

Døme på førebyggande tiltak

1. Det er ikkje lov å bruke private vasskokarar, varmeomnar, kokeplater og mikrobølgjeomnar

2. Alle kaffitraktarar skal ha montert timer

3. Røyking ikkje tillete i kommunen sine lokaler. Kast aldri fyrstikker, sigaretter eller oske i papirkorga.

4. Hald generell god orden slik at evakuering ved brann kan skje under oversiktlege tilhøve

5. Rømingsvegar skal aldri blokkerast - typiske gjenstandar som ofte vert plassert her er syklar, øskjer, tomme pallar m.v.

6. Sløkkeutstyr, manuelle brannmeldarar, sikringsskap m.v. skal ikkje blokkerast

7. Branndører skal kunne stoppe brann i å spreie seg. Ein brann skal normalt kunne utvikle seg i ei branncelle i minst 30 minutt utan å spreie seg til omgjevnadane. Dette føreset at dørene er lukka til ei kvar tid, som betyr at ingen dører må haldast opne med treklossar, matter eller liknande. Haldemagnetar som er styrt av brannalarmsentral er einaste godkjende løysing for å halde dører opne.  

Brannfarlege væsker og gassar

Væsker

Bensin, rødsprit, lynol og liknande er væsker som vert karakterisert som svært brannfarlege. Det skal ofte ikkje meir enn ein gnist til før dei tek fyr. 

Dei ulike væskene er inndelt i tre klassar, som kallast A-væsker, B- væsker og C-væsker.

A-væske: flammepunkt høgst + 23 C. (t.d. bensin)
B-væske: flammepunkt over + 23 C,men ikkje over + 55 C. (t.d. parafin)
C-væske: Motorbrensel og fyringsolje med flammepunkt over + 55 C.

Det er difor viktig at behaldarane som væskene vert oppbevart i er tette og tydeleg merka. Oppbevaring bør skje i eit rom med god utlufting. Det finnast klare reglar for kor store mengder som er tillete å oppbevare i bustadar.

Følgjande mengder er tillete utan spesielt løyve frå brannsjefen i kommunen:

  • Bensin, rødsprit, lynol o.l.: 5 liter 
  • Parafin: 20 liter 
  • Propan (vanlege lause behaldarar): 5 liter 
  • Propan tilknytt koking, belysning o.l.: 55 liter 

Vær obs på at pussefilter som har vore brukt til oljeprodukt kan sjølvantenne, og må kastast på eigna stad eller oppbevarast i tette og ikkje brennbare behaldarar.

Gass

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har saman med gasselskapa utarbeidd grunnleggende reglar for bruk av gass:

  1. Propanbehaldarane må aldri plasserast under terrengnivå, t.d. i kjellerrom. Hugs at propan i gassform er tyngre enn luft.
  2. Propanbehaldarar skal alltid stå oppreist, og må aldri utsettast for unormal oppvarming eller sterk solvarme.
  3. Vær på vakt mot propanlekkasjar. Gass som lekker ut kan gjere lufta eksplosjonsfarlag og kan antennast av til dømes open ild, glødande tobakk eller elektrisk gnist.
  4. Finn eventuelle lekkasje snarast mogeleg ved å pensle konsentrert såpevann på slanger og rørforbindelser. Når gasstrykket settes på vil såpebobler danne seg på lekkasjestedet.
  5. Bruk kun slanger for LPG/propan. Sprukne eller defekte slanger må skiftes straks. Største lovlige slangelengde er 1,5 meter. Bruk slangeklemmer.
  6. Hold alltid en tent fyrstikk klar når apparatkranen åpnes. Steng for gassen ved beholderen når anlegget ikke er i bruk, og husk å koble fra regulatoren ved lengre tids fravær.
  7. Steng for gassen ved beholderen og bring om mulig beholderen til et trygt sted dersom det oppstår brann.
  8. Hold alltid apparat og beholder i god stand, men prøv ikke selv å reparere skader eller defekter som oppstår. La propanforhandler gjøre kontroll og eventuell overhaling av apparat og anlegg med jevne mellomrom.
  9. Studer monterings- og bruksanvisning nøye før apparat og anlegg tas i bruk. Spør forhandleren dersom det er noe du er i tvil om.

Oppbevaring av brannfarlege stoff - væske og gass

Oppbevaring av brannfarleg væske og gass i verksemda: Oppbevaring bør skje i rom med god utlufting. Brannfarleg vare må ikkje oppbevarast i rom eller på stadar som er tenkt som rømningsvei. Brannfarleg gass skal ikkje oppbevarast på loft eller i kjellar under bakkenivå. Det vert tilrådd at brannfarleg gass vert oppbevart utanfor  bygget (veranda, balkong, terrasse) eller i eigna kasse med god lufting montert utvendig på yttervegg. Brannfarleg væske klasse A (Bensin o.l.) skal ikkje oppbevarast på loft.

I samband med verkstad, undervisningslokaler og andre lokaler som brukar brannfarlege og giftige væsker og stoff, skal desse oppbevarast i låsbart skap med eigen ventilasjonsutgang. Dette for å hindre oppsamling av giftige gassar i skapet høvesvis lokalet. 

 

Lagring

Hald orden

Det å ha det det ryddig og ordentleg på arbeidsplassen er ikkje berre for å skape trivsel, men like viktig for at ein skal kjenne seg trygg på at alle bidreg til ein sikker arbeidsplass.

Hugs at du sjølv er ansvarleg for rotet du eventuelt forårsaker, så rydd straks når du er ferdig med ditt arbeid. Dette er viktig med tanke på tryggleiken både for deg sjølv og dine kollegaer.

 

 

Ved bruk av brannfarlege og lettantennelege væsker og stoff må du syte for at evt. restar og avfall vert plassert i rett avfallsbøtte, eigna for dette. 

 

Du skal aldri sette gjenstandar, syklar, øskjer, stigar eller andre gjenstandar framfor ein rømningsveg eller slik at det er til hindring for flukt i tilfelle brann eller anna naudsituasjon. Ein del av brukar - deg - sitt ansvar og plikter er nettopp det å halde rømningsvegar opne og ryddige. 

 

Rømningsvegar skal alltid vere tilgjengelege. Dersom blokkeringa skuldast plassmangel, må dette problemet løysast umiddelbart på anna måte. Dette er og eit typisk avvik som skal merkast og meldast som dette, og skal kontrollerast på årleg vernerunde.

 

Søppelsortering

Søppelsortering

SUM - Sunnfjord Miljøverk IKS er ansvarleg for renovasjonsrutene i Askvoll kommune, og hentar regelmessig behaldar/dunk for restavfall og for papp/papir. I tillegg til dette er det mogeleg å levere lausøyre og farleg avfall ved Askvoll Gjenvinningstasjon i Olsetvikane. Utover dette er det plassert returpunkt av glass og emballasje på ulike stadar i kommunen.  

Kommunen er ansvarleg for at alle bygg har avfallsbehaldarar tilgjengeleg for sitt behov. Dersom de brukar brannfarlege eller lettantennelege stoff, væsker eller gass, og ikkje har eigne avfallsbehaldarar for dette bør de etterspørre dette hjå vaktmeistersentralen. 

Sorteringsguide

Tømmekalendaren viser når dunkane skal tømmast og har med endringar ved heilagdagar. Du kan og laste ned ein app som held deg oppdatert på ruter og anna informasjon. Hugs at loket på dunkane må gå igjen dersom dunkane skal tømmast. 

 

PAPIR, KARTONG, PAPP, DRIKKEKARTONG

I dunken med blått lok kastar du papp/papir og kubbar med drikkekartong. Julepapir og gåvepapir skal i restavfall. 

 

RESTAVFALL

Dunken med grått lok skal nyttast til brennbart restavfall. 
 

PLAST

Dette kan du levere:

  • Bæreposar, andre plastposar
  • poser og folie frå emballerte produkt, herunder og laminerte produkt som kaffeposar, potetgullposar og liknande. 
  • Flasker og kanner i plast for matvarer,vaskemidlar, sjampo osv.
  •  Flasker i plast for drikkevarer (panteflasker bør leverast til butikk)
  • Yogurt- og rømmebeger mv.
  • Brett for ferske og frosne matvarer
  • Brett og pakninger i hard plastemballasje.
  • Blomsterpotter og -brett

Hushaldningsplast kan leverast på gjenvinningsstasjonen i Olsetvikane. 

Plastemballasje skal vere rein og tørr. Det meste av emballasjen er rein når den er tom. Skitten plastemballasje skyljast i kaldt vann og kan reingjerast med oppvaskbørsten. Her gjeld det å bruke sunn fornuft: er det for krevjande å reingjere emballasjen ordentleg, så gjer den betre nytte i restavfallet. Dersom du nyttar varmt vatn er miljøvinsten tapt.

 

FARLEG AVFALL

Det meste av normalt farleg avfall – maling – lim – lakk kan leverast på gjenvinningsstasjonen. Nokre spesielle komponentar må til hovudanlegget på Einestølen (Førde); til dømes asbestplater. Det er og mogeleg med anna transportløysing dersom du ikkje kan transportere sjølv. Ta kontakt med SUM for meir informasjon om dette.

Ein gang i året vert det og køyrt ei innsamlingsrunde i grendene for å samle inn farleg avfall.

 

ANNA AVFALL

Alt anna avfall skal leverast til ein av SUM sine gjenvinningsstasjonar eller til eit returpunkt.

 

Meir informasjon om dette finn det på SUM sine heimesider.

Organisering av brannberedskapen

Generelt

Det skal i kvart bygg utpeikast ein tilsett som på vegne av arbeidsgjevar har ansvaret for å organisere brannvern og brannøvingar for dei tilsette i bygningen det gjeld. Frå 2016 finnast ikkje omgrepet "brannvernleiar" lenger, men kommunen kjem til å oppretthalde denne tittelen for tryggleiken og gjenkjenningseffekten sin del. Denne ressursen vil på vegne av arbeidsgjevar vere ansvarleg for å gjennomføre opplæring med alle tilsette, både fulltids-, deltids- og timevikarar. I bygg med fleire etasjar bør det i tillegg oppnemnast evakuerings-/etasjevakter.

Organisering

I organisering av brannberedskapen ligg ansvaret for at alle tilsette veit kvar dei finn rutinar og prosedyrar for brannvern i bygget, kvar ein finn brannslokkings- og varslingsutstyr, samt kvar rømmingsvegar og samlingsplassar er. Næraste leiar har ansvaret for at dette vert gjort kjent for sine tilsette. 

 

Handsløkkeapparat/brannslangar

Sørg for å vite kor næraste sløkkeapparat/slange er der du jobbar og korleis dette virkar. Du skal ikkje kunne alt, men må ha kunnskap nok til å kunne slokke eit branntilløp ved behov. 

 

Rømmingsvegar

Det er di plikt å gjere deg kjent med kor næraste rømmingsveg er i tillegg til kor samlingsplassen er. Du er og pliktig til å halde rømmingsvegar frie for avfall, esker, stativ m.v., som kan hindre tilsette, pasientar og besøkande å rømme gjennom dei. 

 

Brannvarsling

Melding om brann/evakuering vert på dei mindre arbeidsplassane varsla gjennom å rope brann - evakuer av den som oppdagar brannen, nokre plassar har talemelding over høgtalaranlegg og/eller klokker som varslar. Alle varslingar/meldingar om brann/evakuering skal takast på alvor og beskjed skal følgast! 

Ver merksam på at det kan vere andre årsaker enn brann som krev evakuering, så ikkje vent til du ser røyk eller eld. 

 

Ved evakuering

Det skal på alle stadar vere kjent kven som er "brannvernleiar", og denne personen er og ansvarleg for gjennomføringa av evakueringa av bygningen. Når vedkommande ikkje er tilstades eller tilgjengeleg er det den som varslar brann/evakuering som skal syte for at alle kjem seg ut av bygningen og til samlingsplassen. 

Større bygg over fleire etasjar og fløyar har ofte i tillegg evakueringsvakter/etasjevakter. Desse har som særskilt ansvar å evakuere alle i sin etasje/fløy, i tillegg til at brannvernleiar skal sjekke med desse at dette er gjennomført når alle er samla på samlingsplassen. 

Evakueringsvakter/etasjevakter skal i tillegg sjekke fellesrom (toalett, trappehus, lager og heis (i tilfelle nokon står fast/ikkje har fått varselet om evakuering) og skal vise veg til nødutgang/rømmingsveg og vidare ut til samlingsplassen. 

 

Faren over

Når det er klarert at det ikkje lenger er fare for tilsette kan bygningen opnast for tilgang igjen. Vent til du får denne beskjeden før du går inn igjen!

 

Handmeldar brann

Bruk av handmeldar (manuell varsling)

Ikkje alle bygg har ei manuell varslingsløysing. Du må sjølv gjere deg kjent med om dette finnast på din arbeidsplass. Dette skal og vere ein del av den obligatoriske gjennomgangen av brannrutinar på arbeidsplassen.

 

Handmeldar for brann er raud med eit glas framfor utløysarknappen. Du utløyser alarmen ved å trykke på glaset, som synt på biletet. 

 

 

Du skal berre nytte denne løysinga dersom du oppdagar brann og brannalarmen ikkje allereie er utløyst. 

Hugs at du skal freiste å sløkke branntilløp snarast  mogeleg. 

Naudopnar

Generelt

Naudopnarane vert brukt ved evakuering i samband med brann, bombetrugsmål, terrorsituasjonar m.v.. Merk at den einaste funksjonen naudopnaren har er å opne dører som elles ikkje er tilgjengeleg for fri gjennomgang. Det er ikkje ei varslingsløysing. Eventuelle skadar på forsegling skal meldast snarast til brannvernleiar eller næraste leiar. 

Ulike typar naudopnarar

I nokre bygg skal opning av rømmingsvegar (dører) skje gjennom elektrisk opning. Dei bygningane som har denne løysinga er utstyrt med grøne boksar med glass framfor utløysarknappen. Dørene vert opna når du trykker med tommelen over punktet mellom pilene slik at glaset vert knust. Bruk av denne gjeld ved alle typar evakuering uavhengig av årsak. 

 

Nokre bygg har ein enklare, manuell versjon, med ein plastkopp over knappvridaren. Her fjernar du berre plastkoppen og vrir om for å låse opp og opne døra. Dersom du ser at det er skade på forseglinga skal du varsle brannvernleiar eller næraste leiar i bygget. Desse dørene skal ikkje nyttast som vanleg inn- og utgang i det daglege. 

 

Andre bygg har såkalla panikkbeslag, som er ei stang som går enten tvers over døra (horisontalt montering) eller nedover døra (vertikalt), og som ein trykkjer på ved evakuering. Her er det viktig å vite at ein ikkje skal trykke på døra samstundes som ein trykker på stanga (panikkbeslaget) sidan for stort press på dørene medfører problem med å få dei opna. Denne type naudopnar kan opnast ved å bruke kne, olboge, eller anna kroppsdel i tillegg til at den kan opnast av person som kryp eller ålar eller som set i rullestol.

 

Branninstruks

Kva er ein branninstruks?

Ein branninstruks er ein instruks for evakuering av bygget du jobbar i, og er bygd opp med fokus på å redde liv og varsle som førsteprioritet. Korrekt respons på brannalarm eller branntilløp er avgjerande for utfallet.

Korleis ser branninstruksen ut?

 

 Branninstruksen er skriven på eit A4-ark og skal vere plassert i alle bygg, ved alle utgangar. I tillegg skal det alltid henge ei aktuell oversikt over rømmingsvegar med innteikna oversikt over kvar du befinn deg i bygget og kvar slokkeutstyret er. 

 

 

Sjekk på din arbeidsplass kvar instruksen og rømningsplanen er å finne. Merk at det skal vere eit eksemplar av kvar ved kvar dør/utgang. Om du ser noko som manglar er det eit avvik og skal meldast via avvikssystemet (RiskManager).

 

 

Rømmingsveg og retning

Rømmingsveg og retning

Ein rømmingsveg vert definert som ein eller fleire brannceller som er tilrettelagt for rømming mellom opphaldsrom/branncelle fram til samlingsstad/stad utanfor faresona. Trappeoppgongar og korridorar er til dømes typiske rømmingsvegar. Retning vil vere synleg gjennom skilt og andre markeringar, jf. neste avsnitt.

Hugs at rømmingsvegane alltid skal vere fritt tilgjengeleg og at det er forbode å lagre noko i rømmingsvegane. Dersom dette skjer skal brannvernleiar eller næraste leiar varslast og hendinga skal meldast som avvik. 

Markerings- og ledelys (Rømmingsbeslysing)

"Målet med belysning av rømningsveier er å muliggjøre sikker vei ut fra et sted der mennesker befinner seg ved å skape egnede forhold for syn og orientering på rømningsveier og spesielle steder, og for å sikre at brannbekjempelses- og sikkerhetsutstyr lett kan lokaliseres og brukes".

I dette ligg det at ekstra nødbelysning (ledelys) ut over det som belyser sjølve vegen er påkrevd ved til dømes nivåforskjellar, korridorkryss, trapper samt redningsutstyr som t.d. brannsløkkingsutstyr.  I omgrepet rømmingsbelysning inngår som oftest og eit henvisningsskilt (pil o.l.) for å vise rett veg.

Føremålet med nødbelysning er personvern samt å bidra til sikker rømming/evakuering av bygningen frå områder der normalbelysninga sviktar. Den delen av bygget som er tilrettelagt for evakuering skal lett identifiserast og trygt kunne brukast. Armaturar for rømmingsbelysning vert delt inn i ledelys og markeringslys.

Døme på ledelys er LED-lys/batteridrivne lys som sler seg på når vanleg straumforsyning fell frå, og er i realiteten berre vanleg, avgrensa belysning for å sikre god nok sikt ved rømming/evakuering. Det erstattar ikkje vanleg belysning og er berre tenkt for ein kort periode. Dersom du oppdager eit ledelys som er tildekka må du varsle brannvernleiar eller næraste leiar snarast. 

 

Døme på markeringslys er utgangs- og retningsskilt, som markerar nødutgangar og retningsendringar i rømmingsvegen, der ein ikkje ser nødutgangen direkte. Skilt som viser rømmingsvegar må vere belyst eller gjennomlyst. Dersom du oppdagar mørke markeringslys som vanlegvis skulle ha vore belyst, må du varsle brannvernleiar eller næraste leiar snarast.

 

I større bygg vil du ofte sjå fluoriserande piler, fotspor eller andre synlege sjølvlysande objekt som viser veg til næraste rømmingsveg.

 

 

 

 

 

 

Eit tredje omgrep er "antipanikkbelysning". Dette er knytt til antipanikkområder, som er områder større enn 60 m2, der mange personar samlast. Belysningen skal syte for at det ikkje oppstår panikk, og at personar kjem raskt fram til rømmingsveg. 

 

Kort oppsummert:

  • Markeringslys: Markerer retninga i rømmingsvegen med pil og symbolet ”løpende mann”
  • Ledelys: Belysning som lyser opp rømmingsvegen når den normale belysninga fell ut
  • Anti-panikk-belysning: Lyser opp eit område eller rom som ikkje er ein del av hovudrømmingsvegen, der mange personar kan opphalde seg

Samlingsplass ved evakuering

Kor skal eg gå når alarmen er utløyst og bygget skal evakuerast?

På kvar arbeidsplass, i alle bygg i kommunen, skal det ved kvar inn- og utgang henge ein kort branninstruks med informasjon om kva du skal gjere i tilfelle brann og evakuering, og ei teknisk teikning over etasjen du befinn deg i. Her finn du nødvendig informasjon om kvar du står, rømmingsveg, kvar du finn brannsløkkingsutstyret og kvar du skal gå når du er ute av bygningen.  

Hugs at det er di plikt å gjere deg kjent med kvar dette er å finne på arbeidsplassen din, og i bygg du oppheld deg mykje i. 

 

Brannutvikling, -spreiing og røyk

Dei tre fasane i eit branntilløp - startfasen, utviklingsfasen og fullt utvikla brann

Innan dei første 30 sekunda

Brannen utviklar seg roleg innanfor eit lite, avgrensa område. Hastigheita på brannutviklinga er avhengig av kva materiale som brenn. Brann i denne fasen kan du enkelt slokke med husbrannslange eller handsløkkeapparat.

Innan det første minuttet

Flammane når taket med spreiing til andre materialar. Under taket samlast eit dekke av varm røyk.

Innan halvanna minutt

Temperaturen ved taket vert no så høg at brannen kan spreie seg til andre rom i bygningen. Sterk varme og kraftig røykutvikling gjer det umogeleg å opphalde seg i rommet. Brannen må sløkkast av brannvesenet. 

Innan tre minutt

Alt materiale brenner. Brannen spreiar seg til andre delar av bygningen. Ingen personar kan overleve i rommet. Rommet vil vere totalskada, sjølv om brannvesenet klarar å sløkke brannen. 

Brannspreiing

Reglar for brannspreiing

1. Oppover: brannen spreiar seg raskt grunna varme og oppstigande branngassar

2. Til sidene: brannen spreiar seg litt langsamare som følgje av varmestråling og mindre intens hete

3. Nedover: minst spreiing grunna oppstigande branngassar

Det betyr at røyk og ild spreiar seg svært raskt oppover, litt saktare til sidene og relativt langsamt nedover. 

 

Vi veit at oksygen må til for at ein brann skal spreie seg. Spreiing frå rom til rom skjer gjennom ein kombinasjon av stråling, gnistar og strømning. Branngassar spreiar seg og antenner alt brennbart materiale.

For å avgrense spreiinga er det difor viktig å lukke alle dører og vindauga. 

Røyk

Varm røyk vil stige og legge seg under taket, og vil gradvis fylle rommet nedover. Når røyksjiktet synker ned til til dømes ei døropning vil røyken strøyme vidare. Samstundes vil og luft verte sugd inn utanfrå og inn under døra. Røyk som spreiar seg vekk frå brannkjelda og inn i tilstøytande rom/korridor vil verte nedkjølt. Det medfører at røyken synker ned og går over til å verte turbulent med fare for å fylle heile rommet/korridoren. Vifte/ventilasjonsanlegg samt vindtrykk utanfrå kan få stor betydning for røykspreiinga. 

Røyken inneheld kvelande, giftige gassar. Det er livsfarleg å gå inn i ein røykfylt bygning. Dersom du må evakuere gjennom røykfylte rom, hald eit tørkle eller liknande over nase og munn, kryp langs golvet. I eit heilt mørkt rom er det lettast å finne vegen ut ved å følgje ein vegg. 

Effekt av røyk ved evakuering

  • Redusert sikt
  • Giftig røyk
  • Varmepåkjenning

 

Giftige gassar i samband med røykutvikling

Det som fører til flest personskadar og død ved bygningsbrannar i Noreg er ikkje flammane, men gassane. Brann utvikler mange typar svært giftige gassar, og gassen som er skyld i så mange som 90 prosent av dødsfalla under brannar i Noreg, er kullos (karbonmonoksid). Det er ein usynleg og luktfri gass som fortrenger oksygen frå blodet. Cyanidgass er en annan gass som utviklar seg ved brann i syntetisk materiale. I «Scandinavian Star»-ulykken i 1990 døyde mange av cyanidforgiftning.

Når det brenn, stig varmen opp, og det gjer og dei fleste gassane. Derfor er det tryggast å huke seg ned eller krype dersom ein må bevege seg i eit rom der det er brannutvikling.

Kort om dei ulike gasstypane, og kalla narkotiske gassar:

  1. CO (karbonmonoksyd)
    • Kullosforgiftning - hyppigaste dødsårsak i brann
    • Medfører nedsett oksygentilførsel, binder seg til hemoglobinet i blodet
  2. CO2 (karbondioksyd)
    • Ikkje så farleg i seg sjølv
    • Medfører auka pustefrekvens
  3. HCN (blåsyre)
    • 20 gongar giftigare enn CO
    • Medfører at kroppen ikkje kan nyttiggjere seg av oksygenet som er bundet til hemoglobinet

Bruk av open eld

Definisjon

Med open eld er her meint bruk av stearinlys og open eldstad. 

Dei største brannfarane ligg i bruk av levande lys utan tilsyn, sigarettar som vert kasta i vanleg avfall og ikkje tileigna behaldarar, open eldstad utan gnistfangar  og kolgrillar. 

Unngå bruk av levande lys, kjøp heller inn batteridrivne LED-lys. Om de har opne ildstadar i lokalet hugs å sette gnistfangar framfor og sjå til at det er tilstrekkeleg avtrekk. Røykarar skal bruke eigna avfallsbehaldar og ikkje kaste sigarettstumpane på bakken eller i vanleg avfall. 

 

 

Ombygging og varme arbeid

Generelt

Årleg oppstår mange brannar som på grunn av uforsiktig og slurvete arbeid ved utføring av varme arbeider. Dei som utfører varme arbeider må ha innsikt i kva brannrisiko varme arbeider inneber, og utføre arbeidet på ein slik måte at brann ikkje oppstår.

Det er mange yrkeskategoriar som har krav til sertifikat for å kunne gjennomføre ulike typar varme arbeid. Norsk brannvernforeining har laga ei oversikt over dette, som du finn på heimesida deira, og Arbeidstilsynet har informasjon om risiko og helsefare ved denne type arbeid.

Sveising, termisk skjæring, termisk sprøyting, kullbuemeisling, lodding og sliping er typiske arbeidsområder som krev sertifikat. 

Ha alltid sløkkeutstyr ståande klart til bruk og rydd unna eller dekk over brennbart/lettantenneleg materiale rundt arbeidsstaden om det ikkje er mogeleg å fjerne dette. Hald og auge med arbeidsstaden når du er ferdig i tilfelle ulmebrann. 

 

Branncelle, branndør og brannvegg

Kva er ei branncelle?

Ein deler opp bygg i brannceller for å hindre brann- og røykspreiing til større delar av eit bygg i den tida som er naudsynt for rømming. Rom som har forskjellig bruk og/eller brannbelastning bør normalt vere eigne brannceller. Oppdeling i brannceller lettar også sløkkearbeidet. 

Døme på brannceller:

  • Barnehage som utgjer ei avdeling
  • Bustad, bueining
  • Forsamlingslokale
  • Undervisningsrom med birom
  • Kontor som utgjer ei sjølvstendig brukseining
  • Gjesterom i overnattingsbygg
  • Sjukerom i sjukehus og pleieinstitusjonar
  • Salgslokale
  • Husdyrrom
  • Storkjøkken
  • Tekniske rom (heismaskinrom, rom for ventilasjonsaggregat, fyrrom for sentralvarmeanlegg, tavlerom)

Ein rømmingsveg kan innehalde mindre avgrensa rom for andre føremål, dersom desse ikkje reduserar rømmingsvegen sin funksjon. Med mindre rom meiner ein resepsjon, vaktrom og opphaldsrom med inntil 20 m2 golvareal. Opphaldsrom inntil 50 m2 kan vere del av rømmingsvei når arealet er sprinkla og skilt frå rømmingsveg med konstruksjoner med brannmotstand.

 

 

Kva er ei branndør?

Branncellene vert skilt frå kvarandre av branndører. Ei branndør er ein opning laga for å hindre eller forseinke spreiing av brann og røyk i ein bygning. Desse dørene er montert i brannklassifiserte veggar og saman skal dei bidra til å halde ein brann i sjakk, slik at dei som oppheld seg i bygget kan evakuerast på tryggast mogeleg vis. Dørkarmen er oftast og brannsikker, med sterk konstruksjon og seler for å stoppe passering av røyk. Dei er og med på å avgrense røykspreiing, slik at rømmingsvegar vert haldne frie for røyk. Det er difor svært viktig at dørene vert lukka så snart folk er komne igjennom.

Branndøra sin hovudfunksjon er såleis å avgrense ein brann i ein viss del av bygningen, og fungerar som ein del av det passive brannvernet.

Branndørene er laga av ulikt materiale, og ikkje alle materiala alle brannsikre. Føremålet er å forseinke brannen frå å spre seg så lenge som mogeleg. Nokre dører er laga av tømmer, andre av stål, og atter andre består delvis av naturlige mineraler. 

Til dagleg står dei fleste av branndørene opne. Dersom ein brann oppstår, vil døren i den aktuelle sona lukke seg automatisk, eller verte fjernlukka. Skulle det vise seg at nokre dører i nærleiken av brannstaden ikkje går igjen, må desse lukkast igjen manuelt. 

Kva er ein brannvegg?

Når avstanden mellom høge byggverk (gesims- og mønehøgde over 9 meter) er mindre enn 8 meter, skal byggverka skiljast frå kvarandre med ein brannvegg. Brannveggar skal alltid bestå av ikkje brennbart materiale.

Ein brannvegg skal verte ståande sjølv om byggverket på den eine eller den andre sida av veggen kollapsar under en brann.

For at ein brannvegg skal ha tilfredsstillande mekanisk motstandsevne (M), må den i praksis utførast i mur eller betong.

Ein riktig utført og vedlikehalden brannvegg utgjer ei robust barriere mot brannspreiing, som avgrensar skadane når ein brann først er oppstått. Dette betyr at menneskeliv og verdiar kan reddast.

Ofte vert vedlikehald av brannveggane neglisjert, spesielt når det gjeld tetting av hol. Under årelang bruk av bygningar er det ikkje til å unngå at det kan oppstå skadar på brannveggane. Et lite hol er nok til at røyk kan spre seg i eit slikt omfang at ein storbrann vert eit faktum. For å unngå at dette skjer, er det nødvendig med regelmessig ettersyn og vedlikehald. Det er difor viktig at ein melder frå om ein oppdagar hol eller rifter i brannveggar til næraste leiar snarast mogeleg.

Bruk av heis ved brann

Kvifor skal ein ikkje bruke heisen ved brann?

Når brannalarmen er utløyst er det forbode for alle å bruke heis. Om straumen går, stoppar heisen og du vert sittande fast. Ei heissjakt er ikkje tett og kan difor fort verte fylt med røyk, slik at den som befinn seg i heisen vert kvalt. 

Korleis evakuere besøkande og bebuarar i rullestol og sengeliggande pasientar?

I situasjonar der det befinn seg personar i store, tunge elektriske rullestolar i ein etasje som må evakuerast må ein løfte vedkommande ut av stolen og bære dei ned trappene. Lettare rullestolar kan ein bruke til å evakuere med. Om ein har eit brannteppe, sengeteppe, duk, laken eller liknande tilgjengeleg kan ein legge rullestolbrukar/pasient på dette og dra vedkomande så varsomt, men raskt som mogeleg ned trappene. Nokre institusjonar har og noko som vert kalla "redningslaken" for slike situasjonar. 

Dess fleire som kan hjelpe til, om så raskare går evakueringa, og om så skånsommare kan den det gjeld verte transportert. 

Lover og føreskrifter

Relevante lenker til lov, føreskrift og rettleiarar knytt til brann- og eltryggleiksarbeid

Regelverket gjeld alle - uavhengig om byggverket er klassifisert som "brannobjekt" eller "særskilt brannobjekt", men omfang av krav og avgjerder vert regulert mellom anna ut frå bruksfunksjonar, storleik (areal per etasje, tal etasjar), kompleksitet, omgjevnadar, risiko med meir. 

Lover og tilhøyrande føreskrifter, som påverkar og regulerar krav til branntryggleik i byggverk, med fokus på byggeigar sitt ansvar;
  » Plan og bygningsloven (PBL) og tilhørende tekniske forskrifter.
  » Brann- og ekplosjonsvernloven (BEL) og tilførende aktuelle forskrifter.
  » Lov om tilsyn med elektriske anlegg og utstyr.
  » Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern m.v. (for arbeidsgjevaransvaret)

I tillegg har kommunen utarbeidd ei brannvernbok for systematisk brann- og eltryggleiksarbeid i Askvoll kommune med tilhøyrande rutinar og sjekklistar samt rettleiar, som er å finne i kommunen si Kvaltetshandbok under HMT - Brannførebyggjing,-vern.

Plan- og bygningsloven med tekniske føreskrifter av 1997

Plan- og bygningsloven med tekniske føreskrifter av 1997 (TEK) har avgjerder om utføring av fyringsanlegg i byggverk, som først og fremst går fram av kap. IX og krav til fyrrom i kap. VII i føreskrifta. Avgjerdene har krav om at fyringsanlegg skal planleggast og utførast slik at helse, miljø, tryggleik og brukbarheit vert ivaretatt. Det betyr mellom anna at anlegget ikkje skal medføre fare for brann/eksplosjon eller virke øydeleggande på det indre eller ytre miljø. Avgjerdene er gjevne som funksjonskrav, og er utdjupa i rettleiar til føreskriftene.

Plan- og bygningsloven med føreskrifter og rettleiarar i oppdaterte versjonar er å finne på på Statens bygningstekniske etat si heimeside.

Brann- og eksplosjonsvernloven

Avgjerdene i brann- og eksplosjonsvernloven pålegg alle å vise alminneleg aktsomheit og opptre på ein slik måte at brann, eksplosjon og anna ulukke vert førebygd. Eigar pliktar å halde fyringsanlegget i forsvarleg stand og sørgje for at det til ei kvar tid fungerar føremålsteneleg. Forøvrig skal kommunen sørgje for feiing og tilsyn. Dersom kommunen har gjeve eigar eller brukar løyve til sjølv å utføre feiing av store fyringsanlegg for oppvarming av rom og bygningar, må dette dokumenterast. I høve føreskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen, skal feiertenesta inngå i det brannførebyggande arbeid i kommunen. Frå og med 1. mai 2016 er den daglege drifta av Askvoll brannvern underlagt brannsjefen i Førde kommune, i form av eit vertskommunesamarbeid. 

Brann- og eksplosjonsvernloven med føreskrifter og rettleiartekst finn ein på direktoratet si heimeside .

Lov om tilsyn med elektriske anlegg

Elektriske komponentar og utstyr på fyringsanlegg må vere produsert og installert i høve avgjerder i, eller i medhald av, lov om tilsyn med elektriske anlegg.

Føreskrift om brannførebyggende tiltak og tilsyn

Føreskrift om brannførebyggende tiltak og tilsyn regulerar gjennomføring og hyppigheita av feiing og tilsyn av fyringsanlegg. Føreskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen omhandlar og organiseringen av feiarvesenet og viser at feiartenesta inngår som ein del av i brannvesenet sitt førebyggende arbeid.

Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern m.v.

Her vert det i særs lagt vekt på kjemisk og biologisk helsefare, og i sær rett emballering og oppbevaring av brannfarleg og eksplosiv vare i samband med dagleg drift. I tillegg kjem ansvaret med trygg arbeidsplass og brannsikring. 

Arbeidsgjevar sine plikter er særleg fastsett i arbeidsmiljøloven § 3-1 og 3-2.

Stoffkartotek - EcoOnline (EcoPlus)

Kva er eit stoffkartotek?

Eit stoffkartotek er ei samling av sikkerheitsdatablad for farlege kjemikaliar som vert nytta i kommunen.

Kartoteket skal og innehalde informasjonsblad for andre helseskadelege stoff dessutan helsefarleg biologisk materiale. Arbeidsgivar har plikt til å opprette stoffkartotek.

1.1. Oppdatering av stoffkartotek

  • Må innehalde siste utgåve av sikkerheitsdatablad.
  • Oversyn over kva som faktisk finnast av kjemikaliar i føretaket.
  • Det er viktig at sikkerheitsdatablad for nye kjemikaliar kontrollerast, og at manglande informasjon innhentast. Kan eventuelt kontakte bedriftshelsetenesta

Sikkerheitsdatablad for kjemikaliar som ikkje lenger nyttast, bør merkast som utgjengen. Desse skal arkiverast i minimum 10 år. De arkiverast anten i ECO Online, eller i papirutgåve.

1.2.Tilgang til stoffkartotek

Arbeidstakarar og verneombod skal ha tilgang til informasjonen om dei farlege kjemikaliane dei nyttar. Det er viktig at dei veit korleis dei skal finne dei opplysningane dei treng.

Alle relevante sikkerheitsdatablad skal vere lett tilgjengeleg ved dei aktuelle arbeidsplassane. Ein papirkopi skal finnast i føretaket, og verneombodet skal ha tilgang til eiga eksemplar av komplett stoffkartotek.

Kva er eit sikkerheitsdatablad (SDB)?

Eit SDB skal innehalde informasjon om farlege eigenskapar og anbefalte vernetiltak ved bruk av eit farleg kjemikalie. Dei skal sikre trygg handtering, lagring og avhending av kjemikaliane. Sikkerheitsdatablada skal og sikre riktig avfallshandtering og oppmode til å finne mindre skadelege kjemikaliar.

Leverandør har plikt til å leggje ved SDB ved førstegongs levering og ved seinare endringar av databladet. Det er eit krav at SDB skal liggje føre på norsk.

2.1.Innhald i sikkerheitsdatablad:

1) Identifikasjon av kjemikaliet og ansvarleg firma

2) Opplysingar om kjemisk samansetjing. (R-setningar)

3) Viktigaste faremomenta

4) Fyrstehjelpstiltak

5) Tiltak ved brannsløkking

6) Tiltak ved utilsikta utslepp

7) Sikker handtering og oppbevaring

8) Eksponeringsforhold og personlege verneutstyr

9) Fysiske og kjemiske eigenskapar

10) Stabilitet og reaktivitet

11) Opplysingar om helsefare

12) Opplysingar om miljøfare

13) Fjerning av restar og avfall

14) Opplysingar om transport.

15) Opplysingar om lovar og føreskrifter (R- og S-setningar)

16) Andre opplysingar av tyding for brukarens sikkerheit og helse

Kvar finn eg informasjon om kommunen sitt stoffkartotek?

I kommunen si kvalitetshandbok, under tema HMT - Informasjon og opplæring, har alle tilgang til brukarrettleiaren for Askvoll kommune sitt stoffkartotek med forklaring til ord og uttrykk samt rettleiing for bruk.  

Du kan og be din næraste leiar om å skrive ut eit eksemplar til deg. 

Avvikshandtering

Korleis melde avvik knytt til brannvern

Alle tilsette i Askvoll kommune har tilgang til kvalitetssystemet (RiskManager) via Kvalitetshandboka (merka med blå V/hake). Denne finn du på skrivebordsbilete når du loggar på PC-en med din brukar-ID.

 

For å melde avvik må du gå inn på avviksmodulen og deretter velge HMT eller Forbetringsforslag, og skrive inn kva avviket gjeld. Verneomboda har eit eige alternativ kalla Vernerunde, som skal nyttast i samband med avvik funnet på vernerunder. 

 

 

 

Sjå elles dokumentet "Kort rettleiar for melding av avvik", som du finn i Kvalitetshandboka under Dokumentstyring - HMT - Informasjon og opplæring.

Brannskadar og førstehjelp

Førstegrads forbrenning

Ved første grads forbrenning er huda raud, tørr og smertefull, men utan blemmer (svarar til solbrentheit). Skaden er overfladisk og avgrensar seg til overhuda. Skaden vert behandla ved nedkjøling i vatn. Smertene kan lindrast ved hjelp av salve eller gele. 

 

Andregrads forbrenning

Andregradsforbrenning går noko djupare i huda, det dannar seg ofte væskefylte blemmer, og det kan oppstå sterke smerter. Du skal aldri stikke hol på blemma, sidan det fører til både væsketap og auka fare for infeksjon i brannsåret. Skaden vert behandla ved nedkjøling i vatn. 

Tredjegrads forbrenning

Tredjegradsforbrenning er den alvorlegaste brannskaden, der alle lag i huda er skada. Kjenneteiknet er store sår og brent eller forkola hud. Ved skålding (t. d. på grunn av kokande vatn) vert huda gjerne gråkvit. Smør ikkje salve eller liknande på brannsåret. Kjøl med vatn om mogeleg til fagpersonal er på plass. Om det er dusj tilgjengeleg kan det vere lurt å plassere vedkomande der under oppsyn og la passe kaldt vatn renne kontinuerleg. 

Det finnast og ei såkalla fjerdegradsforbrenning, som er lik tredjegrads, men der forbrenninga og omfattar musklar, sener og bein. 

 

Førstehjelp ved brann-, gass- og røykskadar

Brann

1. Bring personen i sikkerheit, legg vedkommande ned og slokk eventuelle flammar. Slokk flammane med vatn om du har tilgang til dette. Om du ikkje har tilgang til vatn, kvel elden med eit teppe, ei jakke eller liknande eller rull personen rundt på bakken. Sørg for at teppet som vert lagt rund personen sluttar tett om halsen. For å kvele ilden kan du stryke på teppet frå hovudet og ned langs kroppen. Unngå å slå/klappe på teppet, då dette vil gje oksygen til brannen. Fjern laustsittande tøy. 

2. Nedkjøling: Huda må raskt kjølast ned. Det er viktigare enn å bruke tid på å ringe lege. Hald den forbrente kroppsdelen under rennande kaldt vatn i 5 minutt, deretter i 20-30 minutt i lunka vatn (ca. 15-20 grader). Unngå for kaldt vatn som kan forårsake frostskadar. Rask avkjøling hindrar brannskaden i å trenge djupare og lindrar smerte. 

3. Kontakt lege: er skaden alvorleg og omfattande eller du er i tvil, ring medisinsk nødnummer 113. Generelt gjeld at lege alltid skal kontaktast ved:

  • all tredjegrads forbrenning
  • andregrads forbrenning på meir enn nokre får centimeter
  • førstegrads forbrenning over eit stort område
  • brannskadar i ansiktet
  • brannskader som følgje av elektrisitet
  • ubehag etter å ha pusta inn røyk

 

Kjemikaliar, gass, røyk

Dersom nokon pustar inn damp frå giftige kjemikaliar, giftig gass eller giftig røyk, skal vedkommande straks bringast ut i frisk luft. Personen bør haldast varm, og fullstendig i ro.

​​​​Førstehjelp ved innanding av giftig gass, røyk og sprøytetåke

  • Frisk luft og kvile. Dersom vedkommande er vaken, skal han eller ho plasserast i ein bekvem stilling. 

  • ​Ved alvorlege eller livstrugande symptom, kontakt 113.

  • Gje livreddande førstehjelp om nødvendig.

  • Dersom vedkommande har vore utsett for irriterande eller etsande gass, røyk eller sprøytetåke, hugs å skylle auga med vatn

  • NB! Unngå å verte eit forgiftningstoffer sjølv. Ved mis​​tanke om farlege høge gasskonsentrasjonar i eit område - kontakt profesjonelt redningsmannskap.

Førstehjelp ved medvitsløyse

Kontakt  -113- for ​​​​råd og rettleiing.

Avsluttande test

Kven har ansvar for det brannførebyggande arbeidet på din arbeidsplass?

  • Arbeidstakar
  • Arbeidstakar og arbeidsgjevar i fellesskap
  • Arbeidsgjevar

Kjenner du til gjeldande branninstruks på din arbeidsplass?

  • Ja
  • Nei

Kva heiter gassen som er skyld i så mange som 90 prosent av dødsfalla under brannar i Noreg?

Kryss av for eit av svara.

  • CO - Karbonmonoksyd
  • CO2 - Karbondioksyd

Kva tekst høyrer til kva sløkkeapparat i dei ulike bannklassane? Plassèr teksten til rett klasse for bruk av

Plassèr teksten til rett klasse etter kva type brannar sløkkaren/brannklassen eignar seg for ved å dra puslebiten med teksten til rett bokstav.

  • Klasse A
    Brann i faste organiskematerialar, som t.d. tre, papir og tekstilar
  • Klasse B
    Brann i væsker, til dømes bensin og olje, eller faste materialar som ved oppvarming vert omdanna til væske, t. d. stearin og plast
  • Klasse C
    Brann i gassar, t. d. propan
  • Klasse D
    Brann i metall som magnesium, lettmetallspon og -støv
  • Klasse F
    Brann i matoljar/matfett, t. d. i samband med frityrgryter